line starheimsaeter line starheimsaeter

Vår på Mallorca

Tidleg denne våren fekk eg gleda av å reise til Mallorca for å filme “Dos Minutos” - ein ny reklamefilm for Power Office. I reklama har sjefen endeleg reist på ferie, kun for å oppdage at ho likevel stadig blir avbrote av dei tilsettes stadige spørsmål om ho har “to minutt”.

Produksjonen var eit samarbeid mellom det norske produksjonsselskapet Morgenstern og lokal reklamefilmindustri. Eg koste meg med hardt arbeid i vakre omgivnader, og god mat og godt selskap i pausene. Du finn reklamefilmen på Youtube:

https://www.youtube.com/watch?v=Ke3s9Ks1oJg

Les mer
line starheimsaeter line starheimsaeter

November

Hausten går snart over i vinter, og eg prøver samle trådane før jule-hjerna tek over. Sidan august har eg spelt Liv i mor i Oslo og Ålesund. Eg har klovna i Oslo, Bærum, Sarpsborg, Arendal, Kristiansand, Elverum, Ålesund, Drammen og Lørenskog. Eg har tatt buss og tog og bil og sykla mange mil. Vintersykling er kult, men ikkje på klesstilen. Ein dag fekk Melanie og turnébilen og eg ein omveg om Gålå for å ete fårikål på primus. Eit vellykka eksempel på å “ta det som ein tur” når ting ikkje går som planlagt. Uttrykket er forresten overførbart til det meste som tek lengre tid eller er meir komplisert enn ein trudde, eller som ein ikkje kan garantere utfallet for. Slike ting som livet, og ikkje minst kunsten.

Les mer
line starheimsaeter line starheimsaeter

Liv i mor på Oslo Fringe

Søndag 8.august speler Melanie Dahl og eg Liv i mor på Oslo Fringe, ei sanseleg, morosam og poetisk forestilling om livets første mirakel for barn i alderen 3-6 år. Melanie Dahl hadde idéen til forestillinga, Nelly Winterhalder har skrive manus og hatt regi. Mie Dinesen har designa scenografi og kostymer, og Knut Sævik utvikla lydbildet. Forestillinga er støtta av Dramatikkens Hus, og utvikla og produsert hos Unge Viken Teater.

Oslo Fringe Festival er en teaterfestival som samler byens mange frigrupper. Her kan du oppleve byens frie scenekunstnere og deres egenproduserte forestillinger innenfor et vidt spekter av sjanger og uttrykk.

Du kan sjå Liv i mor i Gamle Norges Bank på Sentralen kl.13 og 15. Gratis inngang. Velkomen!

Les mer
Mathilde Nicoline Bergersen Mathilde Nicoline Bergersen

- Har du to minutt?

Dette er refrenget i Morgenstern si reklame for Power Office, som går på TV og nett i 2024. Det var superfint å jobbe med Erlend Westnes på regi, og eg kan definitivt tenke meg å gjere meir film og TV framover. Om du ikkje har sett den enno, kan du gjere det her

Les mer
Mathilde Nicoline Bergersen Mathilde Nicoline Bergersen

Manusutvikling

Denne våren har eg arbeidd med å skrive eit teatermanus. Eg har skrive tekst for teatret tidlegare, men alltid som ein del av prøveprosessen, basert på behov som oppsto i produksjonen. Denne gangen er det teksten som skal vere premissleverandør. Dette er tidkrevande arbeid som er veldig gøy! 

Eg jobbar for at forestillinga skal ha premiere i 2025. Oppdatering følger!

Les mer